Bønelunsj

Bønelunsj

22. oktober 11:30 – 12:30

Kvar torsdag

Vi ber i lag for arbeidet vårt og Nordfjord.

Les meir
Bibel- og fellesskapshelg «Mennesket lever ikkje av brød åleine»

Bibel- og fellesskapshelg «Mennesket lever ikkje av brød åleine»

13. – 15. november

Fleksibelt prissystem: 3450 kr

Bibel- og fellesskapshelg i november. Det blir lagt opp til opne samlingar gjennom heile helga, med første møte fredag kveld og avslutningsmøte søndag føremiddag. Det vil vere høve til overnatting for dei som ønskjer å vere med heile helga.

Om temaet og undervisninga

«Mennesket lever ikkje av brød åleine»: Om Guds ord som åndeleg mat og rettleiing for livet

Kva er eigentleg Bibelen, og kva plass skal han ha i livet vårt? I vår tid møter vi, både innanfor og utanfor kyrkja, syn og haldningar som utfordrar tilliten til Bibelen som Guds ord.

Guds ord er levande og skapande – eit ord som verkar og skaper det det seier. Samstundes er Skrifta gitt oss som konkret rettleiing for livet. Paulus skriv i 2 Tim 3,16 at heile Skrifta er innanda av Gud og nyttig til opplæring, rettleiing, korrigering og oppseding i rettferd. Men kva inneber dette i praksis? Korleis kan vi lære å leve av Guds ord, og kva kan vi hente frå kristne som har gått føre oss?

Undervisninga gjennom helga vil følgje to hovudspor: Kvifor kan vi ha tillit til Bibelen som Guds ord, og korleis kan vi leve av dette ordet i kvardagen? Vi vil utforske spørsmål om Bibelens autoritet og sjå på korleis vi kan lese, forstå og bruke Bibelen i våre eigne liv.

Eit særleg viktig tema blir ei side ved bibellesinga som lett kjem i bakgrunnen i vår tid: Å forstå Bibelen handlar ikkje berre om kunnskap og rett tolking, men er uløyseleg knytt til vårt eige åndelege liv og vår heilaggjering. Korleis vi lever i forholdet til Gud, er avgjerande for korleis vi tek imot og forstår hans ord. Difor kan vi ikkje skilje den rette forståinga av Skrifta frå eit liv i bøn, omvending og etterfølging av Kristus.

John Olav Hoddevik og Geir Otto Holmås vil undervise denne helga.

Les meir
Songkveld med Harry Andersen - november

Songkveld med Harry Andersen - november

24. november 17:00

Tradisjonen tru kjem Harry Andersen og spelar og syng evangeliske songar – til Guds ære og til glede og oppmuntring i trua. Enkel servering. Inga førehandspåmelding. Kollekt.

Hjarteleg velkomen!

Les meir