Bibel- og fellesskapshelg med Oddvar Søvik

Bibel- og fellesskapshelg med Oddvar Søvik

21. – 23. august

Fleksibelt prissystem: 3450 kr

Kom og drikk: Om Åndens nye liv, kjærlighet og kraft

Om arrangementet

Under haustens første bibel- og fellesskapshelg vil Oddvar Søvik kome og undervise om nådegåvene og livet i Anden. Han har nyleg gitt ut boka «Kom og drikk: Om Åndens nye liv, kjærlighet og kraft».

Det blir lagt opp til opne samlingar gjennom heile helga, med første møte fredag kveld og avslutningsmøte søndag føremiddag. Det vil vere høve til overnatting for dei som ønskjer å vere med heile helga.

Program

PROGRAM for BIBEL- Og FELLESSKAPSHELG, 21-23.8. 2026, HOLMELY

Tema: Kom og drikk – Om Andens nye liv, kjærleik og kraft

FREDAG:

19.00 Velkommen og kveldsmat

20.00 Møte m/ undervisning: Andens nye liv

LAURDAG:

08.15 Bøn for dagen i kapellet

08.45 Frukost med nistesmøring, fleksi

10.00 Møte m/ undervisning: Andens frukt er kjærleik

12.30 Lunsj – matpakke i det fri eller i spisestova

Eigentid (samtale/ kvile/ fritid/ ut på tur)

16.00 Middag
17.00 Kaffi

17.30 Møte m/ undervisning: Tema: Andens gåver.
(Dobbeltime 2 x 30 min med ein liten pause mellom)

20.00 Kveldsmat

Kveldsstund med fellesskap - Forbøn

SØNDAG:

08.15 Bøn for dagen i kapellet

08.45 Frukost

10.00 Møte m/ nattverd og undervisning. Bli fylt av Andens kraft

13.00 Lunsj og avslutning

Prisinformasjon

PRIS «FULL PAKKE»: Standardpris, prisnivå 1: 3.450,-/minstepris, prisnivå 2: 2.700,- – inkluderer overnatting i oppreidd seng, handkle, arrangementsavgift og alle måltid. Dobbeltrom/ ektepar: Standardpris, prisnivå 1: 2.950,- per person/ minstepris, prisnivå 2: 2.300,- (Sjå nærare detaljar om prissystemet vårt nedanfor) OM DU ER MED PÅ ALLE SAMLINGANE, MEN BUR HEIME: Arrangementsavgift 750,-. Måltid kjem i tillegg. DU KAN OGSÅ DELTA PÅ ENKELTMØTE gjennom helga. Fint om du gir beskjed på førehand dersom du som ikkje bur på huset ønskjer måltid! FORKLARING AV PRISSYSTEMET VÅRT: Vi har ein standardpris. Dei som har trong økonomi kan velje det andre alternativet som står i påmeldingsskjemaet. Vi stiller ikkje spørsmål ved valet ditt – systemet er tillitsbasert. Vi ønskjer at dei som deltek på arrangement hos oss, ikkje skal bli unødig hindra av prisen.