Inspirasjonshelg for forbedarar

Inspirasjonshelg for forbedarar

25. – 27. september

Fleksibelt prissystem : 3450 kr

Om arrangementet

Kvifor denne helga?

Denne hausten har vi kjent på ei lengt etter å samle menneske som ber på ei bønebyrde for land, folk og kyrkjelyd. Derfor inviterer vi til ei helg på Holmely der vi kan kome saman, dele erfaringar og søkje Gud i lag – med eit særleg fokus på bøn om åndeleg fornying og vekking.

Bøn er mange ting – også eit arbeid og ein kamp. Om Epafras skriv Paulus til kolossarane: «Han er ein Kristi Jesu tenar og kjempar alltid for dykk i bønene sine» (Kol 4,12).

Vi ønskjer å rette merksemda mot forbøn og tenesta som forbedar. Kanskje kjenner du på eit kall til å stå i bønekampen, og ei uro eller naud for den åndelege situasjonen i landet og kyrkja. Kanskje ber du på ei lengt etter vekking og etter å sjå Gud gripe inn. Denne helga ønskjer vi å stå saman i bøn, lære av kvarandre og bli styrkte og oppmuntra til å halde fram i forbøn.

Slik blir helga

Vi ønskjer at det vi deler, skal vere nært og praktisk – knytt til det livet vi faktisk lever, og dei erfaringane vi gjer oss i bøn.

Rammene blir enkle og terskelen låg. Du kan kome som du er. Det skal vere rom for heile mennesket, med fellesskap, gode måltid, åndeleg samtale, kvile og bøn.

Gjennom helga vil vi først og fremst dele erfaringar og be i lag. Det blir også korte innleiingar med ulike fokuspunkt, med god tid til samtale og refleksjon.

Vi ønskjer ganske enkelt å kome saman, vere opne for kvarandre og sjå kva Gud vil gjere mellom oss.

Dette vil vi snakke om

Innleiingane og samtalane vil særleg krinse rundt desse punkta:

# Kva kan vi lære av Fadervår om å be med rett perspektiv – Guds perspektiv? Korleis erfarer vi at Anden leier når vi ber? Korleis kan vi «lytte oss inn» på Gud og kvarandre i bøn?

# Korleis ber vi særskilt om vekking? Kva gjorde dei gamle som bad om vekking og åndeleg gjennombrot? Kva var dei opptekne av, og kva fokuserte dei særleg på? Kva meinte dei med «fødselsveer»? Kva er det å «be igjennom»? Kva erfaringar har vi sjølve med slike ting?

# Kva gjer det vanskeleg å be på det personlege planet? Korleis merkar vi fiendens angrep, og korleis vinn vi siger? Kva gjer vi i møte med motløyse og motkrefter? Kva er dei strategiske områda det er særleg viktig å be for i vår tid? Kva ser vi av særlege festningsverk i kulturen vår?

# Korleis kan vi støtte kvarandre i bønekampen og stå tettare saman, slik folket stod saman på Jerusalems murar på Nehemja si tid?

Kven leiar arrangementet?

Geir Otto Holmås vil ha hovudansvaret for opplegget gjennom helga. I tillegg vil fleire erfarne forbedarar bidra på ulike måtar.

NB! Det er ikkje opne møte denne helga. Vi ønskjer at alle som deltek, melder seg på på førehand og er med gjennom heile eller mesteparten av helga. Det er likevel fullt mogleg å bu heime for dei som ønskjer det.

Program

Program

Fredag 25. september

19.00 Kveldsmat

20.00 Første samling. Vi blir kjende og set kursen for helga. Samlinga blir avslutta med lesing frå Guds ord og bøn.

Laurdag 26. september

08.30 Morgonsamling i kapellet

09.00 Frukost og smøring av niste

10.00 Formiddagssamling. Innleing I, deling og samtale. Vi ber i lag.

12.00 Nistelunsj

14.00 Ut i frisk luft. Vi samtalar og ber i lag.

16.00 Middag

17.00 Ettermiddagssamling. Innleiing II, deling og samtale. Vi ber i lag.

19.30 Kveldsmat

20.30 Kveldssamling. Innleiing III, deling og samtale. Vi ber i lag.

Sundag 27. september

08.30 Morgonsamling i kapellet

09.00 Frukost

10.00 Formiddagssamling. Innleiing IV, deling og samtale. Vi ber i lag.

13.00 Lunsj, takk for denne gongen – og vel heim!

Prisinformasjon

PRIS «FULL PAKKE»: Standardpris, prisnivå 1: 3.450,-/minstepris, prisnivå 2: 2.700,- – inkluderer overnatting i oppreidd seng, handkle, arrangementsavgift og alle måltid. Dobbeltrom/ ektepar: Standardpris, prisnivå 1: 2.950,- per person/ minstepris, prisnivå 2: 2.300,- (Sjå nærare detaljar om prissystemet vårt nedanfor) OM DU ER MED PÅ ALLE SAMLINGANE, MEN BUR HEIME: Arrangementsavgift 600,-. Måltid kjem i tillegg. Fint om du gir beskjed på førehand dersom du som ikkje bur på huset ønskjer måltid! FORKLARING AV PRISSYSTEMET VÅRT: Vi har ein standardpris. Dei som har trong økonomi kan velje det andre alternativet som står i påmeldingsskjemaet. Vi stiller ikkje spørsmål ved valet ditt – systemet er tillitsbasert. NB! Vi ønskjer at dei som deltek på arrangement hos oss, ikkje skal bli unødig hindra av prisen.